Handingmand (slekt)

Slektsvåpen for Hardingman, etter ei 1800-tals samling med ukjend kunstnar. Avfotografering fra Hans Cappelen
Slekta Handingmand var ei norsk adelsætt med base på austlandet, og er nemnt hovudsakleg på 1500- og 1600-talet. På grunn av m.a. likskap i våpen er det antatt at Handingmand-ætta var beslekta med ætta Rosensverd, eller Østby-ætta, truleg gjennom same opphav. Slekta er òg omtale som Hardingmand og Hartgenger.

Handingmand-ætta er knytta til ei rekkje setegardar på austlandet:

  • Nordvi i Stange
  • Brandstorp i Skjeberg
  • Folberg i Nes (Romerike)
  • Gundestorp i Skjerberg
  • Fosser i Rakkestad
  • Ulven
  • Skapal i Ringsaker


Opphav

Ætta er som nemnt over rekna for å vere ein del av, eller nær beslekta med Østby-ætta. Østby-ætta er tidlegare gitt namnet Rosensverd basert på slekta sitt slektsvåpen, som ligner veldig på det våpenet som medlemmar av Handingmand-ætta skal ha ført. Korleis dette slektskapet har seg er ikkje påvist, men Kåre Bjerke la i 1956 fram to hypoteser som kan forklare dette – ei som viser agnatisk og ei som viser kognatisk avstamning.

Den fyrste i ætta som er kjeldebelagt er Mons Trulsson som i 1511 kjøper 3 huder i Myr i Risabu i Vang av Ola Arnesson. Her kalles kjøparane for Maens Trvellson oc hans hustru hustru Birgitta.<ref name="DN2nr1038">D.N. II, nr. 1038</ref>. Bjørnerud Christiansen<ref name=NST35>NST XXXV, s. 417</ref> gjer truleg at dette må vere Birgitte Gautesdotter på Gaustad i Romedal, av di vi veit at Mons Trulssons etterkommere har ått i Folberg langt inn på 1600-talet.

Neste gong vi finn Mons er han gift på nytt, og kjøper eller skifter til seg gardpartar i Nordvi i Stange. Det går fram av eit stadfestingsbrev frå 1544 at erlijg oc welbyrdugh man Mongs Trulsson aff wapn oc hans hustru hustru Ingerijd Asgodzdotter kjøpte to partar i Nordvi av syskena Bjørn Olsson og ei ikkje namngitt syster gm. Anders Godensson.<ref name="DN1nr1102">D.N. I, nr. 1102</ref>. Ektefellen er i likpreika over Hans Handingmand i 1701 kalla Velb. Frue Ingerie Kampes Datter af Brandstrup<ref name="LP">Vigerust.net: Hans Mogenssøn Handingmand til Fossergård 1701</ref>.

Referansar

<references/>

Litteratur

  • Danmarks Adels Aarbog, 1915.
  • la Cour, L.F. «Annalistiske og andre optegnelser. Optegnelser om slektene Handingmand, Skaktavl og Paludan», Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 5 (1935): s. 137–147.
  • Spangen, Christian. ««De Hanemænder". Var Jørgen Claussen Valravn en Ulfeld?», NST 12 (1949): s. 200–204.
  • Spangen, Christian. «Likpreken over Hans Mogenssen Handingmann på Skapal 1701», HST 4 (1957): s. 199-206. (Likprekenen er senere utgitt av Tore Vigerust på Vigerust.net)
  • Bjerke, Kaare. «Slekten Rosensverd (Handingmand) fra Skjeberg», NST 15 (1956): s. 193–218.
  • Spangen, Christian. «Litt om slekten Handingmann», HST 7 (19??): s. 106-107.
  • Grøtvedt, Per Nyquist. «Om «Handgænger Mænd» i Rosensverd-ættens adelspatent av 1458», NST 20 (1966): s. 215–120.

Anna litteratur der ætta er nemnt

  • Steffens, Haagen Krog. Slægten Aall, Kristiania 1908 med Handingmand i Nicolas Berghs våpenbok
  • Munthe, Christoffer Morgenstierne. "Norske slegtsmerker", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 1 (1927–1928): 33–56, 155–189 og 336–382.
  • Trætteberg, Hallvard: Norges våbenmerker. Norske by- og adelsvåben, utgitt av Kaffe Hag, Oslo 1933
  • Trætteberg, Hallvard. Borg i segl, mynt og våpen, Oslo 1967, side 19, med våpenskjoldtegning nr.19 (krysslagte sverd midt på avhogd stamme med to blomster)
  • Schilbred, Cornelius Severin Scheel. "Adel i Norge", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 22 (1969): 109-121.
  • Løberg, Lars, (1960–) og Tor Ragnar Weidling, (1957–). "Melding av Sven G. Eliassen: Herregårder i Østfold" (1997), Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 36 (1998): s. 230–232.
  • Christiansen, Per Reidar Bjørnerud, (1968–). "Dyre Sevaldssons ætt, og litt om Hove- og Østby-ættene", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 35 (1996): s. 387–435.
  • Bartholdy, Nils G. : Adels- og våbenbreve udstedt af danske (unions-)konger indtil 1536, København 2007, adelsbrev nr 79, side 121-122
  • Bjønnes, Anders m. fl. (redaktører): Segltegninger fra hyllingene i Norge 1591 og 1610, utgitt av Norsk Slektshistorisk Forening, Oslo 2010, side 220-221 med våpenseglene fra 1591 til Mogens Bårdssøn til Østby og Tjøstel Bårdssøn til Bleike
  • Nissen, Harald og Terje Bratberg: Schønings våpenbok – Gamle Norske Adel Efter et gammelt Manuskript Assessor Ifver Hirtzholm tilhørende, Pirforlaget, Trondheim 2013
  • Setsaas, Johan Marius : «Schønings våpenbok: Til glede og bekymring», Genealogen nr. 2/2014, Oslo 2014, side 45-51