Johannes J. Mongstad

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
Gravstøtta til Johannes Mongstad.

Johannes J. Mongstad (født 21. desember 1919 i Lindås, død 7. juni 1943) var ein norsk krigsveteran som fall under andre verdskrig.

Krigstjeneste

Mongstad reiste 15. september 1941 med M/S «Njørd» frå Manger til Lerwick på Shetland.[1] Han vart innrullert i marinen kom raskt med på sitt første MTB-tokt.[2]

I perioden 10. oktober 1941 til 30. mai 1942 tenestegjorde han på motorlauncherer.[3] Hausten 1942 kom Mongstad i teneste på MTB.[4]

Mongstad vart såra under eit MTB-tokt på norskekysten sommaren 1943 og omkom på sjukehus etter returen til Storbritannia.[5]

Utmerkingar

Mongstad vart tildelt St. Olavsmedaljen med ekegren 29. august 1943 for "personlig innsats for Norge under krigen ved å ha vist trapperhet som colt-skytter MTB 620 under angrep på fiendlig konvoi natten mellom 4-5 juni 1943, hvor han hårdt såret fortsatte å skyte inntil magasinet var tomt".[6]

Mongstad vart tildelt Krigsmedaljen 10. mai 1946 for "å ha kjempet i det norske vepnede styrker og falt for Norges sak".[6]

Videre vart Mongstad tildelt Haakon VIIs 70-årsmedalje.[6]

Utmerkelser
St. Olavsmedaljen med ekegren stripe.svg
St. Olavsmedaljen med ekegren
Krigsmedaljen stripe.svg
Krigsmedaljen
Haakon VIIs 70-årsmedalje stripe.svg
Haakon VIIs 70-årsmedalje

Referanser

  1. Ragnar Ulstein: Englandsfarten Band II - Søkelys mot Bergen, Det norske Samlaget, 1967, s. 180 og 332.
  2. Ragnar Ulstein: Englandsfarten Band II - Søkelys mot Bergen, Det norske Samlaget, 1967, s. 190.
  3. Anders Petterøe: Den glemte flotilje - Det norske motorlaunchene (ML) og deres besetninger 1940-45, Schibsted forlag, 2001, s. 121.
  4. Johannes Mongstad i brev av 2. oktober 1942 i Mongstad - bygda som var, Historia Scripta, 2016, s. 132.
  5. Ditlef O. Monstad i brev av 19. juni 1943 i Mongstad - bygda som var, Historia Scripta, 2016, s. 132-133.
  6. 6,0 6,1 6,2 Brev frå Riksarkivet til Sigmund Mongstad Hope 17. august 2010. Ref. 2010/54140 MAGSOL.