Malfred Larsen

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
Malfred Larsen.

Malfred Bendik Larsen (født 16. april 1918 i Stord, død 16. desember 1943 i Bari, Italia) var ein norsk krigssiglar som omkom under andre verdskrig.[1]

Krigstjeneste

Larsen sigla i alliert fart og vart torpedert fleire gonger.[1][2][3]

Han sigla på D/S «Tolosa, M/S «Molda», M/S «Moldanger», M/S «Besholt», D/S «Veni» og D/S «Lom» og gjorde teneste som fyrbøter[1], byssegut, lemper og motormann.[2]

Larsen mønstra på M/S «Moldanger» 8. juni 1942 og var såleis fersk om bord då skipet vart torpedert 27. juni på veg frå Buenos Aires til New York med 8700 tonn med salta skinn, talg, ull og vetetabilsk olje.[2][4] 14 av dei 42 personane om bord omkom, medan 9 av dei overlevande tilbrakte 48 døgn på flåtar før dei vart redda.[4]

Larsen mønstra på M/S «Besholt» i New York som byssegut 15. september 1942 og forlot New York 24. september med frakt til Trinidad via Gitmo.[2][5] Skipet gjekk vidare frå Trinidad 10.oktober og gjekk til Freetown, Matadi og Lobito.[5] 23. november sigla ein frå Lobito i Portugisisk Vest-Afrika på veg til New York via Trinidad.[5] Frakta 8000 tonn kopper, tinn og palmeolje, samt 32 sekker med post frå Belgisk Kongo.[5] M/S «Besholt» vart torpedert av U-174 2. desember 1942 og 14 personar omkom; av eit mannskap på 35, samt 7 passasjerar.[5] Larsen og 22 av dei andre overlevande sigla 800 nautiske mil i livbåten før dei traff land i Brasil 14. desember.[5]

Siste skipet Larsen tenestegjorde på var D/S «Lom». Medan skipet låg i Bari i Italia vart det 2. desember 1943 utsatt for eit angrep av tyske fly. Larsen vart såra i angrepet og døyde på sjukehus 16. desember.[1][2]

Utmerkingar

Larsen vart post mortem tildelt Krigsmedaljen.[6]

Sitatfor fortjenester av Fedrelandet under krig.Sitat
– Utdrag frå diplomet for tildeling av Krigsmedaljen.[6]

Referanser

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Våre falne - Tredje bok (1950) s. 100.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Malfred Bendik Larsen, krigsseilerregisteret.no, vitja 2. mai 2020.
  3. Våre falne oppgir at han kom velberge frå fira torpederingar, men mønstringane i Krigsseilerregisteret (som ikkje treng vera komplett) dokumenterer to.
  4. 4,0 4,1 M/S Moldanger, warsailors.com, vitja 2. mai 2020.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 M/S Besholt, warsailors.com, vitja 2. mai 2020.
  6. 6,0 6,1 Diplom for Krigsmedaljen signert av Kong Haakon VII 24. mai 1946.