Han far. Prestehistorie og bygdeliv. Vang i Valdres (bok)

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
Han far (bokomslag).jpg
TittelHan far. Prestehistorie og bygdeliv. Vang i Valdres
Forfatter(e)Kjell Tærud Lund
BidragsyterAnders Frøholm
UtgiverVang Historielag
UtgivelsesstedVang i Valdres
Årstall1997
Sideantall406
SpråkNorsk (bokmål – ordlisten på nynorsk)
NoterEn ordliste over diverse uttrykk i boken er inkludert.
BibliotekkatalogOria
Digitalt tilgjengeligBokhylla
Genealogi.no

Boken Han far. Prestehistorie og bygdeliv. Vang i Valdres av Kjell Tærud Lund (1919–2009) kom ut i 1997 etter bearbeidelse av statsarkivar Anders Frøholm og ble utgitt av Vang Historielag. Boken gir en biografisk fremstilling av prestene i Vang i Valdres fra 1300-tallet til 1994. Lund var selv prest i Vang fra 1969 til 1982.

Innholdsfortegnelse

Kapittelnavn Ev. undertittel Sidetall Slektsartikkel
Forord 7
Innhold 9
De aller første prester, 1300-tallet til 1537 11
Nils Olufsen ca. 1537 Den første lutherske prest 14
Prest i Valdres eller på Hedmark (Jon Narvesen) 15
Jacob Christensen 1571–ca. 1598 Prest i to bispers tid 17
"Hr. Hans, Hr. Nils og Hr. Jacob" 19
Jens Andersen ca. 1598–ca.1607 Prest i Vang eller Slidre 20
Jens Michelsen ca. 1607–ca. 1622 Stavangerpresten 22
Thue Avesøn (Auchesen) Bare ca.1622–1672 Presten som var lengst her og fikk malt altertavlen i Vangskyrkja 25
Jørgen Jacobsen Grell 1672–1681 Presten med hestekløven fra St. Tomaskyrkja 40
Ove Ovesen 1682–1714 Den mektige stamfar 49
Frederik Jørgensen Paj 1715 Prest i Vang bare noen dager 61
Peder Jeppesen Hegelund 1715–1729 Dansk prest med to norske prestebarn 65
Daniel Severin Poscholan 1729–1734 Presten som forsvant 70
Jens Christophersen Kraft 1735–1741 Kirkeeieren og kallsbok-forfatteren 79
Andreas Schougaard 1741 Han rakk ikke fram til Vang 89
Lars Christensen Lund 1741–1742 St. Tomaskirkens redningsmann 91
Isaach Wilhelm Castberg 1743–1765 Han var med på å berge øye stavkirke 96 Castberg
Eric Ancher 1766–1773 Vangsprest av beste ætt. En lovende karriere som endte tragisk 109
Lauritz (Lars) Haaning 1774–1776 Avsatt fra Nesodden, men tatt til nåde 116
Jacob Jacobsen Thode 1776–1785 Han som byttet seg til Vang presteembete 125
Hartvig Irgens 1786 Han som døde på vegen hjem fra besøk i Vang prestegård 133
Mads Stoud 1786–1792 'Stut[en]' og 'Stuta' 138
Jens Holmboe 1792–1801 Vangspresten med professorsønnene 143
Friderich Müller 1801–1821 Prest ved "St. Tomaskirkens NedbrydeIse" 150
Joachim Gamborg 1821–1826 Død i Vang – begravet i Eidsvoll 160
Thomas Georg Münster 1826–1830 Da prestefruen ble sint 166
Thomas Stang 1831–1837 Den første ordføreren i Vang 174
Peter Schnitler 1838–1844 Han verken solgte eller rev Vang stavkirke 183
Carl Andreas Hansen 1845–1866 Den temperamentsfulle skolepresten 200
Wollert Otto Konow 1867–1878 Den gavmilde folkeoppdrager 210 Konow
Fredrik Wille 1879–1884 Misjonspresten 225
Olaf Peter Monrad 1884–1890 Sanger- og ungdomsprest 238
Jacob Caspar Sørlie 1890–1900 Den allsidige og ivrige avholdsprest 248
Paul Knudsen Dybsjord 1901–1911 Skolemannen som ble prest 263
Mikkel Mikkelsen Fønhus 1912–1918 Vangspresten med ekte valdresblod 274
Louis Albert Fyrwald 1920–1930 Ungdoms-, sang og musikkpresten. Storm over Vang 284
St. Tomaskyrkja i Fyrwalds tid og før 300
Mikael Gladhaug 1931–1946 Enda en valdres i Vang 314
Arthur Wilhelm Aas 1947–1957 Sanger- og ungdomspresten 322
Ole Johan Bondahl 1958–1968 Misjonssekretærens første prestekall 327
Nesten i mål. Ole Johan Bondahl og St.Tomaskyrkja 332
Tomaskyrkja gjenreist 1969 – 1971 – 1982 335
Utkast til St. Tomaskyrkja. Arkitektenes navn og tegningenes år 344
Kjell Tærud Lund 1969–1982 Kirkebygger – O.L.prest – Lokalhistoriker 349
Oddvar Andreas Johansen 1983–1994 Misjonssekretærens første prestekall 368
Carl Philip Weisser 1994– 369
Kapellaner og vikarprester 371
Anders Frøholm: Kjelde- og litteraturliste, Utrykte kjelder 382
D.S.: Trykte kjelder og litteratur 387
D.S. : Ordliste (Spesielle ord og uttrykk) 393
D.S.: Forkortingar 403
D.S.: Etterord 405

Omtaler og anmeldelser

Historiker og museumsmann Halvard Bjørkvik (1924–)[1] anmeldte Han far. Prestehistorie og bygdeliv, Vang i Valdres i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 1997–98.[2]

«Kjell T. Lund (f. 1919) var sokneprest i Vang i Valdres frå 1969 til han drog seg tilbake av helsemessige grunnar i 1982. Han er oslogut og hadde inga tilknyting til denne øvre valdresbygda før han søkte og fekk soknekallet. Kirkebygger, 0.L.-prest, lokalhistoriker har han sett som overskrift på den biografien han har skrive om seg sjølv i boka (s. 349–67). Tida som O.L.-prest hadde han bak seg då han kom til bygda ndash; han fungerte som prest for den norske troppen under vinterleikane i Grenoble i 1968. Kyrkjebyggjar var han i si tid som prest, og Lund tenkjer nok først og fremst på det arbeidet han la ned for å få attreist St. Tomaskyrkja på Fillefjell. Interesse for lokalhistorie og historie generelt har han nok hatt frå langt tilbake, men det var truleg først då han gjekk ut av den slitande prestetenesta at han fekk tid og stunder ti å dyrka desse interessene. Resultatet har vorte ei bok som mange vil ha nytte og glede av å gjera seg kjent med.

I boka Han far får Kjell T. Lund vist at han er ein kunnig lokalhistorikar med innsikt og røynsle i slektsforsking. Han legg ikkje skjul på at han føler kjærleik til den bygda som han tente i 13 år. Boka er å sjå på som ein hyllest til Vang og eit minnesmerke over dei mange Herrens tenarar som i kortare eller lengere tid har arbeidt og slite i denne fjellbygda.

Boka er bygd opp som ei samling biografiar, med omtale av dei prestane ndash; over 40 i talet ndash; som har hatt Vang som soknekall; eit par frå mellomalderen er berre namn, frå tida etter reformasjonen er lista på det næraste komplett. Han legg vekt på å få fram kva slags menneske dei var desse prestane, av slekt og legning, og kva innsats dei gjorde medan dei utførde embetsgjerninga si i bygda. Han gjer særleg mykje ut av slektshistoria, både den slektssamanhengen prestane høyrer heime i, og eiterslekta. Korte og meir skissemessige biografiar over dei kapellanene og vikarprestane som har hatt teneste i bygda, avsluttar boka.

I arbeidet har Lund hatt god hjelp. I føreordet nemner han førstearkivar Sigurd Engelstad, rektor Sigfried Hovda og tidlegare statsarkivar Anders Frøholm, og han gjev kvar av dei ein del av æra for at boka har vorte til. Frøholms innsats har vore særleg stor, noko han sjølv gjer greie for i eit etterord. Lund har også hatt litteratur å støtta seg til, bygdebøker, utgreiingar og nedteikningar av Knut Hermundstad, O. K. Ødegaards bøker Gamalt fraa Valdres og Valdrespresta og fleire, dessutan er han godt orientert i slektsforsking. Lund er meir varsam med å framheva eiga forsking, men det treng han heller ikkje gjera, for boka talar for seg sjølv: Oversynet over trykte og utrykte kjelder fyller saman med litteraturlista over 10 sider. Han er påpasseleg med å dokumentera, noko dei nær 600 fotnotane klårt viser.

Alt Olav den Hellige fastsatte ved lov at hver kirke og hvert sokn skulle ha tilsatt en prest, skriv Lund som opning på prestehistoriene sine (s. 11). Dette er nok ei mistyding. Dei eldste føresegnene om kristendomshald og presteteneste finn vi i Gulatingslova. Denne lovboka vart først nedskriven eit stykke ut på 1100-talet, etter ein til dels sterk revisjon på riksmøtet i Bergen i 1164. Det var særleg kristendomsbolken som vart endra, og slik lova vart nedskriven, inneheld ho både dei avsnitta som galdt fram til 1164 (kalla 0lavsteksten) og dei nye føresegnene (kalla Magnustekst etter kong Magnus Erlingsson). At delar av Olavsteksten går tilbake til Olav den heilage, er det ikkje tvil om; mellom anna blir det vist til Mostratinget og vedtak som kongen og biskop Grimkjell gjorde der.

Men fleire føresegner i denne eldre delen må vera mykje yngre enn 1030. Det må til dømes vera tilfellet med det lova seier om hovudkyrkjer, fjordungskyrkjer, åttungskyrkjer og heradskyrkjer (kap. 12). Ei fastare inndeling i sokner kan vi tidlegast rekna med frå børjinga av 1100-talet. Før den tid var det ei lausare organisering med innsats både frå høvdingar (høgendeskyrkjer) og bønder, og kyrkjer som vart oppførde etter direkte initiativ frå kongen.

Noko av grunntanken med boka gjer Lund greie for i omtalen av Hartvig Irgens. Han søkte og fekk soknekallet i 1786, reiste opp i fjellheimen for å gjera seg kjent med tilhøva, men døydde på veg tilbake for å førebu reisa og overflyttinga. Irgens rakk såleis ikkje å ta over det embetet han fekk, men det blir likevel sett av fire sider (s. 133–136), der vi får opplysning om prestens liv fram til 1786, hans slektsbakgrunn, ætta til kona, borna deira og kva lagnad dei fekk. Avslutningsvis skriv han så: Vi har tatt med så vidt mye om Irgens, enda han ikke tiltrådte embetet i Vang, for å vise hvor inngiftet prestestanden i Norge var; hvor innflytelsesrik slekten kunne være og hvor vanskelig det kunne være å få embeter også da ...

Sentralt i kvar biografi og i boka som heilskap står slektshistoria. Skal en få rette data og opplysninger om et menneske, bør en finne fram til slekten, skriv han s. 49, og det er dette han har gjort. Presteslektene blir rulla opp, og Lund får fram korleis dei var innfletta i kvarandre. I denne bygda oppe under Fillefjell, eit av dei hardaste soknekalla i landet, finn vi prestemenn med nære slektsliner til framståande ætter som Kraft, Castberg, Stang, Irgens, Konow og fleire.

Slektslinene dreg han både bakover, framover og til sidene. Thomas Stang (prest i Vang 1831–1837) var bror tiI statsminister Fredrik Stang (1808–1884). I slekta til Wollert Otto Konow (prest i Vang 1867–1878) finn vi ein eidsvollsmann og (visstnok) ti stortingsmenn! I etterslekta til prestekona Cathrine Holst (gift med Jens Holmboe, vangstid 1792–1801) finn vi riksarkivar Christian C. A. Lange, og ekteparet Holmboe vart foreldre til to professorar (Bernt Michael og Christopher Andreas Holmboe). Fleire døme kunne nemnast.

Det er denne klårgjerande dokumentasjonen som er Lunds største forteneste. Slik han skriv, blir det sosialhistorie av beste merke. Rekrutteringa til presteteneste var sterk i desse embetsfamiliane; om ei kvinne i ætta til Olav Peter Monrad (prest i Vang 1885ndash;1890) blir del fortalt at ho hadde elleve born, og av dei vart ein biskop, fire vart prestar, og seks vart prestekoner! (s. 246).

Eit unntak var familien Stang. Om far til Thomas Stang skreiv prost Alex Lange at han er visstnok blottet for kirkelig erkjennelse og tro (s. 180), og Thomas var den einaste av borna som gjekk den geistlege vegen. Men i den tidlegare stangslekta var det prestar: Farmor til Thomas Stang, Anna Sylvia Leganger, var datter til sokneprest Lauritz Leganger i Aremark, som var bror til vangspresten Isaach Wilhelm Castbergs første kone (sjå s. 97 og andre stader). Det var frå desse slekts- og embetsmannskrinsane dei fleste prestane som kom til Vang, vart rekrutterte heilt fram til slutten av 1800-talet.

Ein heilt annan bakgrunn hadde fråhaldspresten Jacob Caspar Sørlie (1890–1900). Han kom frå Skedsmo på Romerike, var son til vurderingsmann Andreas Johnsen Sørlie og Bolette Borgen, og han vart etterfølgd av Paul Knudsen Dybsjord (1901–1911), bondegut frå Hol i Hallingdal.

Dette er god og opplysande sosialhistorie, men ein kunne ha ønskt at Lund til jamføring og utfylling hadde drege inn Dagfinn Mannsåkers doktoravhandling frå 1955: Det norske presteskapet i det nittande hundreåret. Sosialhistoriske studiar.

Det er mange ulike lagnader som blir skildra. […] Halvard Bjørkvik»

Referanser

  1. Halvard Bjørkvik (Lokalhistoriewiki)
  2. Bjørkvik, Halvard: «Han far. Prestehistorie og bygdeliv, Vang i Valdres», NST, bind 36, 1997–98, s. 309–313.

Rettigheter

Arvingene etter Kjell T. Lund ga i 2009 Lars Ove Wangensteen rett til å utnytte boken. Rettighetene er videreført til Norsk Slektshistorisk Forening.

Ordliste

Boken inneholder en ordliste over spesielle ord og uttrykk som er lagt inn på Slektshistoriewiki.

Litteratur

Se også