Alf Berentsen

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk

Alf Berentsen (født 29. september 1910, død 7. mai 1945 i Leith-fjorden) var ein norsk krigssiglar som omkom under andre verdskrig.[1]

Krigsteneste

Berentsen sigla som 3. styrmann på D/S «Olaf Bergh» ved krigsutbrotet og sigla i Handelsflåten fram til han omkom då D/S «Sneland I» vart torpedert 7. mai 1945 i Leith-fjorden på veg frå Blyth til Belfast.[1][2]

Berentsen sigla ute heile krigen og gjorde teneste på D/S «Sneland I», D/S «Bestum», D/S «Spurt», M/T «Herbrand», D/S «Brisk», D/S «Heien», D/S «Spero», D/S «Fjord», M/S «Laurits Swenson» og D/S «Olaf Bergh».[2]

Utmerkingar

Berentsen vart 20. mai 1981 tildelt Krigsmedaljen og vart og heidra med Haakon VIIs Frihetsmedalje for krigsinnsatsen.[3]

Utmerkelser
Krigsmedaljen stripe.svg
Krigsmedaljen
Haakon VIIs frihetsmedalje stripe.svg
Haakon VIIs frihetsmedalje

Referanser

  1. 1,0 1,1 Våre falne - Første bok (1950) s. 232.
  2. 2,0 2,1 Alf Berentsen, krigsseilerregisteret.no, vitja 8. april 2020.
  3. Alf Berentsen, krigsseilerregisteret.no, vitja 8. april 2020.