Reformasjonen i Norge. Da kirken valgte kurs (bok)

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
TittelReformasjonen i Norge. Da kirken valgte kurs
Forfatter(e)Ellingsen, Terje
UtgiverHøyskoleforlaget
UtgivelsesstedKristiansand
Årstall1997
Sideantall314 s.
SpråkNorsk
BibliotekkatalogOria
Digitalt tilgjengeligNB

Teolog Terje Ellingsen (1928–2018)[1] ga ut Reformasjonen i Norge. Da kirken valgte kurs[2] i Kristiansand 1997.

Boken har et innledningskapittel om tiden før reformasjonen. Hoveddelen inneholder fyldige omtaler av personer som hadde betydning for denne perioden, med litteraturlister. Forfatteren skrev ut fra sitt teologiske ståsted. Boken er lettlest og anmelderen fant kapittelet om hva som er skrevet om reformasjonen nyttig. Det mangler en litteraturoversikt i slutten av boken.

Omtaler og anmeldelser

Historiker og førstearkivar ved Riksarkivet, Jo Rune Ugulen (1968–) anmeldte Reformasjonen i Norge. Da kirken valgte kurs i Genealogen 2003.[3]

«I 1997 gav Høyskoleforlaget ut sokneprest og lic.theol. Terje Ellingsens bok Reformasjonen i Norge: Da kirken valgte kurs. Boka eg omtalar er såleis nokre år gammal, og det kan synast noko merkeleg å omtala den no, seks år etter at den opphavleg kom ut. Det er likevel fleire gode grunnar til å omtala den. Den første er at forlaget no har boka på tilbod til berre 99 kroner. Ein annan god grunn er den personhistoriske orienteringa som boka har. Ein tredje grunn er at Ellingsen freistar å gje det han kallar ei oversiktleg og grei innføring i reformasjonens historie i Noreg. Dette var noko Ellingsen sjølv sakna då han studerte teologi.

Ellingsen skriv vidare at det er tre ting ein bør krevja av ei slik bok. Det første er at den presenterar dei viktigaste personane som var aktørar i denne historia. Det andre er at den gjev opplysningar om sentrale hendingar, avgjerder og dokument som avgjorde historias gang. Det tredje er at den viser noko av reformasjonens dynamikk, det vil seia det samspelet av krefter, interesser og tilhøve som til saman utgjorde reformasjonen.

Det er såleis eit prisverdig arbeid Ellingsen har teke på seg. Å gje eit greit og lettfatta oversyn over reformasjonshistoria i Noreg er ikkje ei enkel oppgåve, og ettersom boka hans kom ut i 1997, har han ikkje hatt Lars Hamres monumentalverk Norsk politisk historie 1513–1537 (Oslo: Det Norske Samlaget, 1998) å støtta seg på. Det står såleis att å sjå kor vellukka Ellingsens freistnad på å gje eit slikt oversyn har vore. Eit interessant moment er dessutan at Ellingsen er teolog, ikkje historikar, og har ein sunn skepsis til den nasjonalprega historieskrivinga kring nettopp reformasjonen og det som av Halvdan Koht vart kalla sjølvstendetapet i 1536/37.

Som teolog gjev han til dels nye vinklingar på denne spennande, interessante og kompliserte tida i norsk historie. Boka er todelt, men med ei lita innleiing på tre sider som omhandlar tida før reformasjonen. No freistar ikkje Ellingsen å gje ei utdjupande skildring av kyrkjehistoria i Noreg før 1536/37, men skildrar i denne innleiinga berre kort korleis den katolske kyrkja var organisert i mellomalderen.

Hovudbolken i boka med den personhistoriske delen er på noko over 200 sider. Her får tretten sentrale personar i reformasjonshundreåret (etter Ellingsen, side 17, var dette åra 1507–1607) fyldig omtale. Desse er Christian II, erkebiskop Olav Engelbriktsson,[4] Vincents Lunge,[5] Christian III, Gjeble Pederssøn,[6] Hans Reff, Torbjørn Olavsson (Bratt), Absalon Pederssøn (Beyer),[7] Hans Gaas, Jørgen Erikssøn, Jens Nielssøn[8] og til sist den norske motreformatoren og jesuittmunken Laurentius Norvegus, eller Kloster-Lasse som han vart kalla i Sverige. Det vil føra for langt å gå i detalj kring desse personhistoriane, men Ellingsen gjev i denne bolken eit greit oversyn over reformasjonshistoria belyst gjennom livssogene til dei han biograferer. Såleis kan ein seia at han når målet sitt, som er å gje eit greitt oversyn over reformasjonshistoria, utan å gå i detalj og utan at det vert for komplisert.

Ein bakdel med måten Ellingsen har delt inn stoffet på, er likevel at ein ikkje får eit samanhengande oversyn over reformasjonshistoria. Kvar einskild biografi kan lesast som eit avslutta kapittel, noko som også medfører ein del gjentakingar i dei einskilde kapitla som ville vore unngått med ei meir heilskapleg utforming av boka. Men ein slik framgangsmåte finst i andre verk som omhandlar reformasjonen, og er kan henda ikkje naudsynt her. Etter kvar biografi er det ei kort litteraturliste, men diverre inneheld ikkje boka eit samla litteraturoversyn bakerst. Dette kan gjera det noko arbeidssamt å orientera seg i kva litteratur Ellingsen har nytta i framstillinga si.

Den siste bolken i boka er eit historiografisk oversyn over dei historiske framstillingane av reformasjonen i Noreg gjennom dei siste hundre åra. Dette oversynet er svært nyttig for dei som ynskjer å setja seg inn i kven som har skrive kva om reformasjonen, og ikkje minst gjev det eit innsyn i dei til dels avvikande syna som norske kyrkjehistorikarar har hatt på reformasjonen. Her får vi kort presentert synet på reformasjonen til historikarar som til dømes Anton Christian Bang, Yngvar Nielsen, Sverre Steen og Oluf Kolsrud. Også katolikken Charles Joys er representert med eit kapittel i framstillinga. Motreformasjonen i Noreg har vorte handsama av Oskar Garstein. Denne delen vert avslutta med Carl Fr. Wisløffs kyrkjehistorie frå 1966.

Boka vert avslutta med eit etterord av forfattaren, som av naturlege årsaker har eit positivt syn på reformasjonen og innføringa av ei luthersk statskyrkje i Noreg. Ettersom Ellingsen er prest i Den norske Kyrkja kan ein vanskeleg tenkja seg eit anna syn hjå han. Dette kjem til syne gjennom heile boka, utan at eg vil seia det er problematisk for den historiske framstillinga.

I det heile er Reformasjonen i Norge ei lesverdig bok for dei som ynskjer å setja seg inn i denne kompliserte tida og personane i samband med den. Det største ankepunktet mitt er likevel at det ikkje er eit samla litteraturoversyn mot slutten av boka. Nokre mindre faktafeil (eller trykkfeil) finst også, men ikkje fleire enn at det er til å leva med. Når prisen på boka i tillegg er oppsiktsvekkjande låg, er det ingen grunn til å lata vera å kjøpa den. Jo Rune Ugulen»

Referanser

  1. Terje Ellingsen (Slektogdata.no/gravminner). Passord kreves.
  2. Ellingsen, Terje. Reformasjonen i Norge. Da kirken valgte kurs, Høyskoleforlaget, Kristiansand, 1997.
  3. Ugulen, Jo Rune. «Reformasjonen i Noreg og dei sentrale personane i samband med den», Genealogen, hefte 2, 2003, s. 55–57.
  4. Olav Engelbrektson (Lokalhistoriewiki).
  5. Vincents Lunge (Lokalhistoriewiki).
  6. Geble Pederssøn (Lokalhistoriewiki).
  7. Absalon Pederssøn Beyer (Lokalhistoriewiki).
  8. Jens Nilssøn (Lokalhistoriewiki).

Litteratur

Se også

Eksterne kilder