Peder Kåre Nonås

Peder Kåre Nonås (født 23. juni 1924 i Moster, død 24. april 1943 i Skottland)<ref name="vf">Våre falne - Tredje bok (1950) s. 424.</ref> var ein norsk krigsveteran frå andre verdskrig.

Krigstjeneste

Nonås forlot Norge om bord på faren sin farty M/B «Eli». I lag med 5 andre drog han ut frå Brandasund 2. januar 1942, men måtte søkja naudhamn som følgje av uver. Drog ut att 4. januar og gjekk vestover i hardt ver der dei måtte setta segl for å forsøka å stabilisera fartyet. Kom til Shetland nær Lerwick den 6. januar.<ref>Ragnar Ulstein: Englandsfarten Band II - Søkelys mot Bergen, Det norske Samlaget, 1967, s. 306–307.</ref>

I Storbritannnia gjekk Nonås inn i Handelsflåten og tok hyre på D/S «Malmanger» som jungman 5. februar 1942. D/S «Malmanger» vart torpedert 9. august 1942 og Nonås var blant dei som vart redda i land i Vest-Afrika der han vart internert 18. august 1942. Han vart frigitt og sendt til Freetown, Sierra Leone der han ankom 18. desember 1942.<ref name="ksr">Peder Kaare Nonås, krigsseilerregisteret.no, vitja 6. mars 2020.</ref>

Nonås vart 11. februar 1943 innrullert i marinen og kom i teneste i Shetlandsgjengen.<ref name="ksr"/>,<ref>Asgeir Ueland, Shetlandsgjengen – Heltene i Nordsjøen, Kagge Forlag (2017) s. 405.</ref> 24. april 1943 omkom Nonås, og tre andre, under transport av ein båt frå Findhorn til Burghead.<ref name="vf"/><ref>Asgeir Ueland, Shetlandsgjengen – Heltene i Nordsjøen, Kagge Forlag (2017) s. 328.</ref>

Referanser

<references group=""></references>