Ditlef O. Mongstad

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk

Ditlef O. Mongstad (født 18. april 1914 i Lindås[1], død 9. september 2007) var ein norsk krigsveteran frå andre verdskrig.

Krigstjeneste

Mongstad deltok som frivillig i felttoget i 1940. Han møtte først på Voss og var med då styrkane vart trekt ut til Lærdal via Gudvangen.[2]

I 1941 vart Mongstad involvert i motstandsarbeidet og sørgde for opplading av batteri til radioapparat som var gøymd unna.[3] Mongstad hadde sjølv gøymdt eit radioapparat som seinare vart nytta av ein yngre bror i hans virke i Etteretningstenesta.[4]

15. september 1941 reiste Mongstad med M/S «Njørd» frå Manger til Lerwick på Shetland.[5][6] Han vart innrullert i marinen 2. oktober 1941, og kom i teneste som brannvakt i London.[1][3]

Han starta 17. april 1942 på kurs som sonaroperatør og etter eit kort opphald på Tunsberg vart han 3. juni 1942 sonaroperatør på «Acanthus». Mongstad tok del i slaget om Atlanterhavet som sonaroperatør på «Arcanthus», «Tunsbeg» og «Eglantine» fram til 21. januar 1943. Råka av sjukdom var han då sett i land i Reykjavik og gjorde resten av krigen teneste på marinekontoret på Island.[1][3]

Mongstad vart dimittert frå marinen 19. mars 1946.[1]

Utmerkingar

For krigstenesta vart Mongstad tildelt Deltagermedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje.

Utmerkelser
Deltagermedaljen stripe.svg
Deltagermedaljen
Haakon VIIs 70-årsmedalje stripe.svg
Haakon VIIs 70-årsmedalje

Bibliografi

  • Mongstad - bygda som var, Historia Scripta (2016) ISBN 978-82-999385-1-8 (medforfattar).

Referanser

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Vernepliktsbok for Ditlef Olaisen Mongstad
  2. Ditlef O. Mongstad: Krigsutbrotet - slik eg opplevde det i Mongstad - bygda som var, Historia Scripta, 2016, s. 123-125.
  3. 3,0 3,1 3,2 Sigmund Mongstad Hope intervju av Ditlef O. Mongstad 25. juli 2007
  4. Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 26.
  5. Caroline Eikeland intervjuar Ditlef O. Mongstad i 1993 i Mongstad - bygda som var, Historia Scripta, 2016, s. 123-125.
  6. Ragnar Ulstein: Englandsfarten Band II - Søkelys mot Bergen, Det norske Samlaget, 1967, s. 180 og 332.