Bruker:Håvard Moe

Dette er brukarsida til Håvard Moe. Eg er mangeårig "menig" medlem i NST, og har drive med slektsgransking i om lag 25 år.

Mine interesser når det gjeld slekt er knytta i hovudsak til områda kring Meldal-Orkdal-Hemne-Snillfjord i Sør-Trøndelag, der farsslekta mi kjem frå; og Nissedal-Fyresdal i Telemark, Bremanger i Sogn og Fjordane og Mjøsregionen der morsslekta mi har sitt opphav.

I anetavla mi finn ein stort sett bønder og fiskarar frå dei nemnte områda. I Meldal-Orkdal kjem ein bort i bergverksslekter tilknytta Løkken koparverk, og borgerslekter i Trondheim. Nokre av slektene i Mjøsregionen ser ut til å stamme frå Norsk-Dansk adel.