Landskyld

Revisjon per 17. jul. 2017 kl. 21:20 av Dag T. Hoelseth (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)

Landskyld: Den årlege leiga ein leiglending skulle svare jordeigaren. Brukt som grunnlag for skattar på jordeigedom (matrikkelskyld). Sidan ho stod fast i matrikkelen (og berre vart endra ved revisjon av den eller ved nyskyldsettingsforretningar) måtte jordeigarane møte stigande jordprisar med å legge på førstebygsel og tredjeårstake. Vi finn sjeldan noe skriftleg om storleiken på førstebygselen og tredjeårstaka. Den gamle landskylda (før 1830-åra) vart lenge betalt i dei vareslag som stod i matrikkelen: I Valdres mest i huder og dernest smør (vanleg på Vestlandet og delar av Trøndelag) og korn (vanleg på flatbygdene), og (i Nord-Noreg mest) i fisk, seinare delvis i pengar.<ref>Lund, Kjell T. Han far. Prestehistorie og bygdeliv. Vang i Valdres, Vang Historielag, 1997. Ordliste v/statsarkivar Anders Frøholm.</ref>

Referanser

<references/>