Henrik O. Mongstad

Fra Slektshistoriewiki
Revisjon per 12. sep. 2020 kl. 18:05 av SMH (diskusjon | bidrag) (Utmerkingar: rettar til det namne på krigen som er nytta i dekreet)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Henrik O. Mongstad.

Henrik O. Mongstad (fødd 4. januar 1920 på Mongstad, død 14. februar 2020 på Stord) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig.[1]

Krigsteneste

Ved krigsutbrottet arbeida Mongstad på Austlandet. Han kom våren 1941 med i ei motstandsgruppe på Sørum. Gruppa mangla utstyr, så ein skulle hamstra haldbar mat og gjera seg klar for å motta opplæring. Mongstad nytta eldste broren si flukt til Storbritannia som påskudd for å returnera heim til Mongstad jula 1941.[2]

Våren 1942 fekk Mongstad rolle som kontaktmann med tanke på alliert invasjon og gjekk i gang med å kartleggje området.[3]

Sommaren 1944 fekk Mongstad kontakt med Secret Intelligence Service (SIS) sin radiostasjon Risor og var med og etablera stasjonen på Selsøy i Austrheim. Resten av krigen var han knytt til stasjonen og dei to etterfølgjande stasjonane Pommac og Sissel.[4]

Som ein del av tenesta var Mongstad involvert i evakuering av flyktningar. Både BAR-organisasjonen (Bergen Anlegg Reportasje) og SIS kontaktar frå Rogaland vart evakuert via stasjonane.[5]

Fredstid

Etter krigen var Mongstad vaktmester og handverkslærer.

Han gjorde i ei årrekkje teneste som offiser i Heimevernet og var mellom anna pionersjef.[6][7]

Utmerkingar

For krigsdeltakinga vart Mongstad tildelt Deltagermedaljen.

For innsats for forsvarssaka og krigshistoria i Nordhordland vart Mongstad i 2019 tildelt Forsvarsmedaljen.[8]

SitatFor i krig og fred å ha lagt ned et stort arbeid for forsvaret av Norge.Sitat
– Utdrag frå diplomet til Forsvarsmedaljen.[8]

For krigsinnsatsen heidra Russland i 2016 Mongstad med Usjakovmedaljen.[9][10]

SitatFor personleg mot og tapperheit under Den store fedrelandskrigen.Sitat
– Utdrag frå presidentdekret for tildeling av Usjakovmedaljen.[10]

Russland har og heidra Mongstad med Jubileumsmedaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[11], Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[12] og Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[13].

Mongstad vart i 2015 tildelt Regjeringa sin minnemedalje for innsats under andre verdskrig.[14]

Utmerkelser
Deltagermedaljen stripe.svg
Deltagermedaljen
Forsvarsmedaljen stripe.svg
Forsvarsmedaljen
Ribbon Usjakovmedaljen.png
Usjakovmedaljen
Jubilee Medal "60 Years of Victory in the Great Patriotic War 1941-1945" ribbon.png
Jubileums- medaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
Jubilee Medal "65 Years of Victory in the Great Patriotic War 1941-1945" ribbon.png
Jubileums- medaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
70 Years of Victory in the Great Patriotic War 1941-1945 ribbon.png
Jubileums- medaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945

Bibliografi

  • Krigsminne, Historia Scripta (2013) ISBN 978-82-999385-0-1
  • Mongstad - bygda som var, Historia Scripta (2016) ISBN 978-82-999385-1-8 (medforfatter)

Referanser

  1. Attest frå Forsvarets overkommando 2. kontor, signert av Andreas Lerheim 19. september 1945
  2. Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 5-12.
  3. Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 17-18.
  4. Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 23-56.
  5. Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 23-29 og 38-49.
  6. RA, Rulleblad for Henrik O. Mongstad.
  7. Brev til fenrik Henrik O. Mongstad frå HV-09 Regimentssjef Hagtvedt datert 16. oktober 1950.
  8. 8,0 8,1 Diplom for Forsvarsmedaljen signert av Forssvarssjef Haakon Bruun-Hanssen 8. mai 2019.
  9. Diplom for Usjakovmedaljen signert av Vladimir Putin 29. januar 2016.
  10. 10,0 10,1 Presidentdekret av 29. januar 2016 (nr. 29).
  11. Diplom for tildeling av Jubileumsmedaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
  12. Diplom for tildeling av Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
  13. Diplom for tildeling av Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
  14. Brev frå ordførar Liv Kari Eskeland til Henrik O. Mongstad datert 30. april 2015.