Vår felles slektshistorie – Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke m.m. 1170–1650 (bok)

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
TittelVår felles slektshistorie.
Hardanger, Sunnhordland, Ryfylke
Forfatter(e)Handegård, Odd
UtgivelsesstedTromsø
Årstall2003
Format1 optisk plate (CD-ROM)
SpråkNorsk
Noter1. utg. 2001
Inneholder også: Hardanger-aner
for Mette-Marit Tjessem Høiby
Iflg. «les meg»-filen utarbeidet i samarbeid
med Kvam herad
BibliotekkatalogOria

Statsviter Odd Handegård (1936–) ga ut Vår felles slektshistorie – Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke m.m. 1170–1650[1] i Tromsø 2001.

Boken, som kun foreligger på CD, inneholder en gjennomgang av den omfattende litteraturen om fremtredende slekter på Vestlandet mellom 1170 og 1650. Forfatteren regnet ikke med at verket var ferdigstilt, men i stadig utvikling. Anmelderen etterlyste forfatterens konklusjoner etter den imponerende litteraturgjennomgangen. Den siste større oppdatering av boken ble utgitt på CD i 2015.

Omtaler og anmeldelser

Historiker og førstearkivar ved Riksarkivet, Jo Rune Ugulen (1968–) anmeldte Vår felles slektshistorie – Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke m.m. 1170–1650 i Genealogen 2002.[2]

«lkkje sidan Berge Velde i 1957 gav ut boka Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter[3] har det vore gjeve ut eit slik verk om vestlandsslekter i mellomalder og tidleg nytid. For å sitera føreordet til Odd Handegård «inneholder [denne CD-en] ei bok om vestnorske slekter», og det er noko den gjer til gagns. Men før eg går vidare i omtalen av Vår felles slektshistorie, er det på sin plass å nemna at dette imponerande arbeidet har preg av å vera eit arbeid under utvikling, noko også Handegård sjølv peikar på. I tillegg understrekar han at arbeidet «ikke er et resultat av egen forskning». Det er likevel denne biten eg saknar. Med eit så omfattande arbeid som her er lagt ned, viIle det ikkje vore uoverkomeleg å skriva nokre ord om dei konklusjonane Handegård sjølv har trekt av litteraturgjennomgangen. Ei form for status quo i skrivande stund ville vore nyttig som avslutning i kvart kapittel.

Eg skal ikkje her gå inn i detaljane om dei forskjellige slektene som er handsama. Det vil krevja altfor mykje av både tid og rom. CD-plata er ein gjennomgang av litteraturen om nokre av dei mest sentrale slektene i Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke frå tida før 1650. Slekter som til dømes Losna, Slede/Dall, Smør, Benkestokk, Kruckow, Orm, Galtung, Torsnes, Aga, Pust, Aukland og Tøtland [sic] er handsama – for å nemna nokre.

Det har gjennom dei siste 150 åra vore skrive kolossale mengder bøker og artiklar – av svært varierande kvalitet – om dei fleste av desse slektene. Som ei følgje av det er det vanskeleg å orientera seg i litteraturen om dei, og nettopp her er det styrken i Handegårds arbeid kjem til sin rett. Det gjer det nemleg svært mykje enklare for interesserte å setja seg inn i litteraturen om desse slektene. Tid som ein elles måtte ha nytta på å leita seg gjennom eit utal lokalhistoriske og slektshistoriske tidsskrift, kan no nyttast til å setja seg inn i stoffet. Dette åleine gjer det til ei god investering.

Men kvifor gje det ut når det ikkje er ferdig? Det kan ein saktens spørja seg om. Det viktigaste argumentet for ei slik utgjeving er vel nettopp at eit slikt arbeid neppe nokosinne kan verta heilt ferdig.

På den tekniske sida saknar eg at leseprogrammet (Adobe Acrobal Reader) til filene ikkje følgjer med på CD-plata. Det kan gjere det vanskeleg for data-ukyndige å få lest dei. Acrobat Reader er eit gratisprogram som i utgangspunktet skulle vera greitt å få lisens til å spreia på CD, men korleis programvarefirmaet stiller seg til å leggja ved ein kopi av leseprogrammet veit eg ikkje. Det bør undersøkjast, og i det minste bør neste versjon av Vår felles slektshistorie inkludera instruksjonar om korleis ein skal få tak i dette programmet.

Det er eit imponerande arbeid Odd Handegård her har gjort tilgjengeleg for ålmenta. Eg vil gjerne sjå fleire utgjevingar av denne typen. Jo Rune Ugulen»

Referanser

  1. Handegård, Odd. Vår felles slektshistorie – Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke m.m. 1170–1650, Tromsø, 2001.
  2. Ugulen, Jo Rune. «Mammutarbeid om vestlandsslekter», Genealogen, hefte 1, 2002, s. 57.
  3. Velde, Berge. Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. Oslo, 1957.

Eksterne kilder

Litteratur

  • Handegård, Odd (2001). Vår felles slektshistorie – Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke m.m. 1170–1650. Tromsø –  1 optisk plate (CD-ROM).