Regjeringa sin minnemedalje for innsats under andre verdskrig

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk

Regjeringa sin minnemedalje for innsats under andre verdskrigTakk for din innsats 1939–45») er ein norsk medalje oppretta i samband med 70-årsmarkeringa for frigjeringa etter andre verdskrig.[1]

Medaljen skulle i utgangspunktet tildelast i tilknyting til jubile, men tildelingar fann og stad i åra etter. Hausten 2017 var minnesmedaljen tildelt om lag 1 100 personer.[2]

Medaljen kunne tildelast norske og utanlandske militære (inkludert handelsflåten), samt sivile som påskjønning for innsats under andre verdskrig. For sivile kunne medaljen tildelast for deltaking i holdningskampen eller for farefullt/belastande redningsarbeid som følgje av krigshandlingar.[3]

Medaljen kunne etter fylkesmannen sitt skjønn tildelast personar som ikkje møtte kriteria for tildeling dersom vedkommande vart utsett for ekstra stor påkjenning under krigen. Døme på situasjonar som kunne vurderast er offer for represaliar og personar som vart skadelidande etter ulykker og bombeåtak.[4]

Ansvaret for å finna aktuelle mottakarar var lagt til kommunane som sende liste over personar som møte kriteria til fylkesmannen som gjorde vedtak om tildeling på vegne av staten.[3]

Medaljen kunne ikkje tildelast posthumt.[3]

Referanser

Sjå og