Mylius. Slektsbok for den norske gren av slekten Mylius zu Schleiz (bok)

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
TittelMylius. Slektsbok for den norske
gren av slekten Mylius zu Schleiz
Forfatter(e)Granum, Ole M. (1942–)
Østby-Deglum, Inger-Berit (1927–)
Nordengen, Mette (1953–)
BidragsyterSolberg, Arve (1932–) (illustratør)
Schneider, Knut
UtgiverToten bokhandel
UtgivelsesstedLena
Årstall1993
Sideantall422 s.
SpråkNorsk
Engelsk
BibliotekkatalogOria

Ole M. Granum (1942–) med flere ga ut Mylius. Slektsbok for den norske gren av slekten Mylius zu Schleiz[1] i Lena 1993.

Slekten Mylius von Schleiz und Ansbach kan føre sine aner tilbake til ca. 1375. Franz Christian Anton von Mylius,[2] født 1759, kom fra Schleswig til Toten i 1789, der han slo seg ned som sekondløytnant. Han giftet seg med Marta Gunnarsdatter fra en husmannsplass på Rognstad.[3] Boken følger etterslekten til deres 4 barn. Slekten ble spredt blant annet til Amerika.

Personregisteret inneholder 6000 navn og boken har et enkelt henvisningssystem.

Omtaler og anmeldelser

Historiker og museumsmann Halvard Bjørkvik (1924–)[4] anmeldte Mylius. Slektsbok for den norske gren av slekten Mylius zu Schleiz i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 1993–94.[5]

«Slekta Mylius zu Schleiz und Ansbach har utgangspunktet sitt i det tidlegare Aust-Tyskland, der den første kjende «myliusen» vart fødd ca. 1375. Det er ei slekt som har vore oppteken av å ha kontakt med si eiga fortid, og notatar som er nedteikna ned gjennom hundreåra, har gjort det mogleg å skissera ei samanhangande slektsline – agnatisk line – heilt opp til notida.

Han som førde slekta til Noreg, høyrde til andre generasjon, og etterslekta hans får såleis ei lang forhistorie. Denne personen var Franz Christian Anton von Mylius, fødd 1759. Det er på mange måtar ei merkeleg historie som blir fortalt om denne offisersonen med blått blod i årene. Han kom frå Schleswig, som på den tid var grevskap under den danske kongen, og var sjølv militær. I 1789 vart han send til Noreg, der han om sekondløytnant og seinare premierløytnant van knytt til Første Akershusiske nasjonale infanteriregiment og stasjonert på Toten. Han var då 30 år gamal, og ungkar, og han vart forelska i ei husmannsjente, Marta Gunnarsdotter frå Rognstad i Ø. Toten. Han fekk barn med henne, til og med tvillingar, og han veik ikkje frå sitt ansvar. Dei gifta seg og vart buande på Toten, der dei fekk tre born i tillegg til tvillingane. Eitt av borna døydde som liten, dei fire andre voks opp.

I 1793 vart Franz Christian Anton von Mylius skada i eine handa og måtte søkja avskil frå heren. Dei fekk såleis berre pensjonen hans å leva av, og i den vesle stova der dei vart buande, seinare kalla Myliusstova, måtte dei spinka og spara som husmenn flest. Han døydde i 1831, Marta levde til 1849. […]

Vi får høyra at Franz Christian Anton von Mylius på mange måtar sette seg og familien utanfor, og at det ikkje var stort andre enn sorenskrivar Weidemann han hadde å vera saman med. […]

Men som sagt, det er slekta og slektssamanhengen som det har vore viktig å få fram for forfattarane, som sjølve kan kopla seg inn på Mylius-slekta. Boka fell i fleire bolkar. Dei gjev ei kortfatta skisse av forhistoria, som blir avslutta med ein kort omtale av den første Mylius i Noreg. Så kjem slektsdelen, som er sjølve hovudbolken i boka (s. 47–303). Det er etterslekta til dei fire borna til Franz Christian Anton og Marta som her blir plasserte, spreidde over ein stor del av Noreg og med forgreiningar over til Amerika. Denne slektsdelen blir etterfølgd av eit knippe biografiar, og så er det til slutt eit personregister om dekkjer slektsdelen, nær 6000 namn i alt.

Det er nytta eit enkelt tilvisingssystem, slik at det ikkje byd på problem å få plassert dei einskilde personane innanfor slektssamanhengen. Det er full grunn til å gje ros til forfattarane av boka om den norske greina av Mylius-slekta. Sjølv peikar dei på at dei har hatt god hjelp av andre, som har utarbeidt oversyn over einskilde slektsgreiner, men storarbeidet har dei sjølve utført.

Det er sjølvsagt medlemene av slekta som viI ha størst glede av boka, men den fortener også ein vidare lesekrins. Vi får dokumentert korleis ei slekt kan forgreina seg, og dei røynde slektsgranskarane viser korleis ei slektshistorie med vide forgreiningar kan byggjast opp og presenterast i bokform. At dei kunne ha utnytta sjølve starten, giftarmålet mellom Franz Christian Anton von Mylius og husmannsjenta Marta Gunnarsdotter, til å få fram den sosiale spenninga i bygdesamfunnet, må nemnast. Men kanskje kan dette bli ein eigen liten studie som utfylling til slektshistoria? Halvard Biørkvik»

Referanser

  1. Granum, Ole M. [m.fl.] Mylius. Slektsbok for den norske gren av slekten Mylius zu Schleiz, Lena, 1993.
  2. Franz Christian Anton von Mylius (Lokalhistoriewiki)
  3. Rognstad (Østre Toten) (Lokalhistoriewiki)
  4. Halvard Bjørkvik (Lokalhistoriewiki)
  5. Halvard Bjørkvik: «Ole M. Granum, Mette Nordengen, Inger-Berit Østby-Deglum. Mylius. Slektsbok for den norske gren av slekten Mylius zu Schleiz», NST, bind 34, 1993–94, s. 293–94.

Litteratur

  • Granum, Ole M. [m.fl.] (1993). Mylius. Slektsbok for den norske gren av slekten Mylius zu Schleiz. Toten bokhandel, Lena –  422 s.
  • Mylius, Horst Gering [m.fl.] (1992). Geschichte der Familien Mylius-Schleiz aus dem Hause Gerung und Mylius-Ansbach, 1375–1990. Neubearbeitung der Familienchroniken von 1895, 1917 und 1959 und deren Ergänzung bis zur Gegenwart. Freiburg im Breisgau –  XIV, 925 s.
  • Mylius, Th. (utg.) (1965). Bidrag til forståelse av familien Mylius zu Schleiz eldste historie. Kragerø –  11 s.

Se også