Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945

Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945 (Юбилейная медаль «70 лет Победы в Великой Отечественной войне 1941–1945 гг.») er ein medalje stiftet av den russiske president Vladimir Putin ved dekret datert 21. desember 2013.[1] Tildelingskriteria vart fastsett ved dekret datert 4. juni 2014.[2] Medaljen vart tildelt krigsveteranar og andre som bidro til krigsinnsatsen i høve 70-årsjubileet for sigeren i andre verdskrig.
Utforming
Medaljen er utformet i sølv. Adversen har som motiv ordensteiknet for Fedrelandskrigens orden. Under ordensteiknet står årstala «1945–2015». Reversen bærer innskrifta «70 лет Победы в Великой Отечественной войне 1941–1945"» (70-året for siger i Den store fedrelandskrigen 1941-1945) over sju linjer. Innskrifta er omgitt av ein laurbærkrans.[1]
Medaljen er opphengt i eit raudt band med to moaréstriper og kantstriper i oransje og svart.[1] Fargene oransje og svart er fargene i bandet til Sankt Georgsordenen frå Det russiske keiserdømmet og er ein fargekombinasjon som på grunn av dens store militære prestisje vart overtatt av Sovjetunionen og er vidareført av Russland i våre dager.
Tildeling
Jubileumsmedaljen tildelest både militære krigsveteraner og personer som i sivilt arbeid bidro til krigsinnsatsen. Partisaner og geriljasoldater i motstandsgrupper vert også heidra med medaljen. Det same vert fangar i konsentrasjonsleirar og ghettoar.
Norske mottagere
I høve markeringa av 70-årsjubileet for sigeren i andre verdskrig vart medaljen tildelt 12 veteranar i Noreg.[3]