Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
Fil:65 years victory ww2.jpg
Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945

Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945 (Юбилейная медаль «65 лет Победы в Великой Отечественной войне 1941—1945 гг.») er ein medalje stifta av den russiske president Dmitrij Medvedev ved dekret datert 4. mars 2009.[1] Initiativet til stiftinga av medaljen vart fatta 10. oktober 2008 av Samveldet av uavhengige stater under statsoverhovuda sitt møte i Bisjkek.[2] Medaljen vart tildelt krigsveteranar og andre som bidrog til krigsinnsatsen i høve 65-årsjubileet for sigeren i andre verdskrig.

Utforming

Medaljen er utformet i tambak. Adversen har som motiv ordensteiknet for 1. klasse av Storhetsordenen. Ordensteiknet er utforma som ein femtagga stjerne med utbøyde armar. Midtmedaljong syner eit tårn frå Kreml omgitt av ei bord der innskrifta «СЛАВА» (storhet, ære) står på eit raudt band i nedre halvsirkel og med ein metallkrans i øvre del. Mellom stjerna sine to nedre taggar står årstala «1945–2010». Reversen bærer innskrifta «65 лет Победы в Великой Отечественной войне 1941—1945 гг.» (65-året for siger i Den store fedrelandskrigen 1941-1945) over sju linjer.

Medaljen er opphengt i eit raudt bånd med oransje og svarte striper i midten. Fargene oransje og svart er fargene i bandet til Sankt Georgsordenen frå Det russiske keiserdømmet og er ein fargekombinasjon som på grunn av dens store militære prestisje vart overtatt av Sovjetunionen og er vidareført av Russland i våre dager.

Tildeling

Jubileumsmedaljen vart tildelt militære krigsveteranar og personar som i sivilt arbeid bidrog til krigsinnsatsen. Partisanar og geriljasoldatar i motstandsgrupper vart og heidra med medaljen, likeeins fanger i konsentrasjonsleirar og ghettoar.

Norske mottagere

Under president Medvedev sitt statsbesøk i Noreg 26. april 2010 vart medaljen tildelt flere nordmenn.[3] I etterkant av statsbesøket vart det i samarbeid med fylkeskommunane arrangert fleire medaljeutdelingar i tilknytting til markeringa av sigeren i Den store fedrelandskrigen.

Referanser

  1. Указ Президента Российской Федерации от 4 марта 2009 года № 238.
  2. Решение о единой юбилейной медали "65 лет Победы в Великой Отечественной войне 1941-1945 гг.
  3. –Jeg fikk en av Putin også, men denne var bedre, NRK, 26. april 2010.