I kongens teneste. Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709–1719 (bok)

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til: navigasjon, søk
TittelI kongens teneste.
Militær utskriving frå Bergens
stift under Store nordiske
krig 1709–1719
Forfatter(e)Øvrebø, Egil
UtgiverRiksarkivaren
UtgivelsesstedBergen
Årstall1996
Sideantall94, 558 s.
SpråkNorsk (Nynorsk)
NoterSkriftserie (Riksarkivet), nr. 1
BibliotekkatalogOria
Digitalt tilgjengeligNB

Historiker og arkivar Egil Øvrebø (1928–2011)[1] ga ut I kongens teneste. Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709–1719[2] i Bergen 1996.

Forfatterens mål var å finne antall utskrevne soldater fra Bergens stift 1709–1719, hvem de var og hvor de ble av. Han utga ikke en historisk fremstilling av Store nordiske krig, men søkte å følge eller rekonstruere materialets struktur i sin fremstilling. Det var tre former for militære utskrivninger: Matroser, marinesoldater og øvrige soldater. Utskrivingen omfattet 20% av ca. 50 000 menn i Bergens stift, hvorav en stor del døde i tjeneste. Forfatteren beskrev de forskjellige kompaniene og deres bevegelser, og i boken gjengis de transkriberte listene over soldatene. Boken inneholder registre. Både norske og danske kilder ble systematisk gjennomgått, og kildeomfanget viste seg å være stort men likevel til dels mangelfullt. Manntallet 1701[3] ble anvendt som referanse.

Omtaler og anmeldelser

Statsarkivar Yngve Nedrebø (1954–) anmeldte I kongens teneste. Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709–1719 i Genealogen 1997.[4]

«Statsarkivar Egil Øvrebø får i desse dagar under tittelen «I Kongens teneste» trykt sitt manuskript om soldatutskrivinga frå Bergens stift under «Store nordiske krig» 1709–1719. Riksarkivaren står for utgjevinga, som får nummer I i Riksarkivarens skriftserie. Ferdigtrykt vert dette ei bok på 94+558 sider, der det i første delen vert gjort greie for utskrivinga av matrosar og marinar til flåten, utskrivinga av soldatar til Bergenhusiske regiment[5] 1709–1718, og utskrivinga til dei nye kompania i sluttfasen av krigen i 1719. Her finn ein opplysningar om kvar dei ulike kompani var plassene krigen gjennom.

Ein finn og tabellar som viser at 3.069 mann var kommanderte til Flåten og 6.084 soldatar til Regimentet gjennom åra krigen varte. I tillegg er det teke med stoff om dei vel 600 som var innrullerte uten at ein kan finne stadfesting for at dei faktisk kom i aktiv teneste, og dei 254 innrullerte som døydde før dei kom i krigen. I alt vert det stoff om i overkant av 10.000 mann – og om 1002 bergenske matroskoner, der svært mange vart enkjer før krigen var omme. Andre og største delen av boka er ei utlisting av dei vel 10 000 mennene frå Bergens stift som vart innrullerte frå 1709 til 1719, med førenamns- og etternamnsregistre.

Oppgåva med å samle opplysningane om dei utskrivne kunne ha vore lettare. Dei tre arkiva som skulle vore mest sentrale for eit slikt arbeid:

  1. sjøinnrulleringsarkivet
  2. krigskommisariatsarkivet og
  3. regimentsarkivet

finst det lite eller slett ikkje noko att av.

Metoden har difor vorte å «skrapa saman» det ein kunne finne i andre og i utgangspunktet mindre sentrale arkiv. Opplysningarer henta frå skipsjournalar, festningsrekneskap, klesrullar, «menagerullar» og mykje anna. Forfattaren, som er arkivmann, vil meine det nettopp er opplysningane om kjeldene lesaren først bør sjå på, og lese. Og i kjeldelista finn vi 600 sjømilitære og 192 landmilitære kjelder, frå Statsarkivet i Bergen, frå det norske Riksarkivet, og ikkje minst frå det danske Rigsarkiv.

Den som i «I Kongens teneste» vil leite etter historiefortelling og ferdig analyse, vil kunne verte skuffa. Dette er ei dokumentasjonssamIing på personnivå med eit stort materiale som gjeld heile stiftet. Boka viser tappinga av mannskap gjennom stadig komplettering, år etter år. Analyser av manntalet for 1701 viser at det i heile Bergens stift berre har vore rundt 50.000 menn på denne tida, i alder frå 1 til nesten 100 år.

Utskrivinga kom difor til å omfatte om lag 20% av alle menn, og då dei utskrivne stort sett vart henta frå tjue årskull, fødde mellom 1681 og 1700, kan ein både sjå og skjøne dramatikken: gardsbruk som ikkje kunne bygslast bort fordi det ikkje fanst nokon tiI å drive dei, stort underskot på mannlege tenarar, tusenvis av gifteferdige, men einslege jenter, aldrande foreldre utan søner til å ta seg av dei og gje dei kår. Og grunnen til at ein heile tida måtte komplettere er ikkje mindre dramatisk: soldatar, matrosar og marinar døydde i tusenvis, eller dei deserterte eller vart «kasserte» som ubrukelege i tenesta (og vel ubrukelege til det meste av anna og).

Av 9153 utskrivne er 1981 registrerte i kjeldene som døde, og i tillegg vert 2536 borte utan at kjeldene fortel kvar dei vart av. Svært mange av desse må utan tvil vere døde under krigen, slik at ein må rekne med at langt over 25%, og snarare opp mot 50% av dei utskrivne døydde i krigsåra. Naturleg nok kom mange av dei som vart utskrivne i siste fase av krigen heim att uskadde. Desto verre for dei som var sende ut dei første krigsåra!

Øvrebø presenterer som rekneeksempel bygda Jølster i Sunnfjord. Der har manntalet for 1701 med 747 menn. 150 jølstringar (8–9 fulle årskull) vart utskrivne, 111 som soldatar, 39 som matrosar og sjøfolk. 78 (52%) kom heim (nokre sjuke, invalide eller såra), 72 (48%) er registrerte som døde eller borte.

Materialet frå Jølster viser at informasjonen om soldatutskrivinga kan nyttast som kontroll på 1701-manntalet, for det er ein del soldatar som slett ikkje let seg finne att i manntalet. Vi skal la boka få presentere ein av dei vel 10.000 utskrivne (men heller utypisk skal vi sjå):

«Ellef Philipson Ulvenæs vart fødd i Kinsarvik sommaren 1682. Han vart innrullert som soldat ved Faste Nordre Sunnhordlandske Kompani i 1708, og vart med kompaniet ut 9. november 1709. Fram til 26. mai 1710 låg dei i garnison i Fredrikstad, så vart dei sende til Odalen. I 1711 låg dei først på svenskegrensa i Høland, men kom med i felttoget til Båhuslen. Derifrå kom dei attende til garnisonen i Fredrikstad, og vart der fram til årsskiftet 1712/13 då dei saman med dei andre kompania i regimentet vart sende til København. Der var dei stasjonerte fram til 1716. Så kom dei attende til Noreg og Østfold, og var frå juli 1717 på Fredriksten.[6]

Heim til Vestlandet kom Ellef og 110 andre (av 248 utskrivne) 30. september 1719. Ellef var 35 år gammal då han kom ut av Kongens teneste. Han tok over gardsbruket etter faren, gifta seg i 1721, fekk ingen born, men tok tiI seg ei fosterdotter. Han gav frå seg bruket til fosterdottera og mannen hennar i 1753, 71 år gammal og tok kår. Ellef Ulvenæs må ha vore ein heilt utruleg sterk mann. lkkje berre overlevde han ti år som soldat i ein arme der dei fleste døydde eller var alvorleg merkte då krigen var omme, men han overlevde alle sine jamaldringar, og fleirtalet av dei som tilhøyrde generasjonen etter. Han slo Drakenberg med 13 år, og levde heilt fram til 1785, og vart 103 år gammal på nokre få dagar nær. Ellef Ulvenæs var den første person i heile verda som kunne dokumentere at han vart over 100 år gammal.»

Omslaget til boka fortener nokre ord. Det er laga på grunnlag av prøver av vadmelsstoffet frå uniformene soldatane i Bergenhusiske regiment brukte under krigen. Eit felt på forsida er det pryda av ei teikning med tema frå krigshandlingane, og laga av ein av dei som var i Kongens teneste. Knud Nielsen Benstrup[7] (ca. 1692–1742), var sekondløytnant og styrmann, framifrå teiknar og genial skipskonstruktør. Han vart overfabrikkmeister på Holmen, men seinare avskjediga og dødsdømd, men til sist gjeven pardon og send heim til Æbeltoft med ein liten pensjon, og der han døydde et par år seinare, om lag 50 år gammal. Utsalsprisen på «I Kongens teneste» vert kr. 280. Boka kan bestillast gjennom Statsarkivet i Bergen.»

Referanser

  1. Egil Øvrebø (Wikipedia).
  2. Øvrebø, Egil. I kongens teneste. Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709–1719, Riksarkivaren, Bergen, 1996.
  3. Manntallet 1701 (Lokalhistoriewiki)
  4. Nedrebø, Yngve. «I kongens teneste. Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709–1719», Genealogen, nr. 1, 1997, s.18–19.
  5. Bergenhusiske regiment (Lokalhistoriewiki)
  6. Fredriksten festning (Lokalhistoriewiki)
  7. Knud Benstrup (Dansk biografisk leksikon/biografiskleksikon.lex.dk)

Eksterne lenker

Litteratur