|
Kilder og artikler
Folketeljinga 1875 for Hafslo
© 1994/2001 Jo Rune
Ugulen
En publikasjon på Norsk Slektshistorisk Forenings hjemmesider.
Hafslo prestegjeld tilhøyrer i dag Luster kommune i Sogn og Fjordane.
Denne folketeljinga vart i si tid dataregistrert i samband med
bygdebokarbeidet for Luster kommune, som framleis er under arbeid. For
meir om sjølve bygdebokprosjektet viser eg til heimesidene til Luster
kommune. Kopi av folketeljinga er oversendt
Digitalarkivet/Digitalpensjonatet, men grunna måten registreringa er
gjort på viser det å vera ein del arbeid med å få ordna med søkjefunksjonane
hjå Digitalarkivet. Difor har eg valt å gjera folketeljinga tilgjengeleg
for nedlasting frå heimesidene til Norsk Slektshistorisk Forening slik at
dei som har trong til å nytta denne i arbeidet sitt kan gjera det. Det
einaste eg stiller som krav er at registrator vert kreditert for arbeidet
sitt dersom noko av materialet vert nytta i publikasjonar – anten det er
på nett eller i papirform. Desse filene vil verta liggjande for
nedlasting sjølv når teljinga vert tilgjengeleg på Digitalarkivet for søk.
Folketeljinga er registrert med det DOS-baserte programmet BD87, og følgjer
dermed den standarden for registrering som vart nytta der, den såkalla
Standard 4G. Ved bruk av fila er det difor nyttig at eg her forklarar kort
korleis databasen er bygt opp. Særskilt er det to felt som er viktige å
vita kva inneheld.
Det første er feltet "ID". Dette er berre eit løpenummer i
databasen, og har ingen annan funksjon.
Det andre feltet er "Typefelt." Eg vil her gje eit lite
oversyn over kva dei forskjellige nummera står for.
0 er forsida av teljingsskjemaet som mellom anna
inneheld matrikkelnummer og gardsnamnet
1 er hovudpersonen i hushaldninga
2 er øvrige personar i hushaldninga
3 er fråverande personar i hushaldninga
4 er baksida av teljingsskjemaet og inneheld
jordbruksopplysningar og opplysningar om kreatur
8 markerer starten på ein ny teljingskrins
9 markerer slutten på ein teljingskrins
Dei øvrige felta skulle vera sjølvforklarande. Men litt om jordbruk
og kreatur. I folketeljingslistene kjem det fram jordbruksopplysningar og
informasjon om dyra på garden. Dette er litt kryptisk registrert, og eg
skal forklara dette også.
Jordbruksopplysningar kan sjå slik ut: by2 po6. Dette tyder rett og
slett at utsæden på bruket var 2 tønner bygg og 6 tønner poteter.
Forkortingane som er nytta er følgjande: kveite (hv), rug (ru), bygg
(by), blandkorn (bl), havre (ha), grønnfor (gr), erter (er), vikker (vi),
grasfrø (fr), poteter (po) og andre rotfrukter (ro).
Kreaturopplysningar kan sjå slik ut: he1 fø1 ku13 ka2 få35. Det
tyder at det på dette bruket var 1 hest, 1 føll, 13 kyr, 2 kalvar og 35
får. Forkortingane er som følgjer: hest (he), føll (fø), okse/tyr
(ty), ku (ku), kalv (ka), sauer/får (få), geiter (gj), grisar (gr) og
reinsdyr (re).
Eg har valt å gjera filene tilgjengelege i tre format. dBase III (som
nokre kan henda framleis hugsar) er eit standard databaseformat, Excel
versjon 3 for rekneark, og vanleg tekstfil for øvrige program. Vidare
ligg kvar fil komprimert som eksekverbare filer, slik at det berre er å
"dobbeltklikka" (i alle høve for Windowsbrukarar) på fila,
etter at den er lasta ned, så pakkar den seg ut sjølv.
Eg håpar materialet kjem til nytte, og oppmodar igjen alle til å
kreditera registrator for arbeidet. Dersom nokon ynskjer å leggja igjen
pengar for arbeidet, kan 50 kroner betalast ved passande høve til Norsk
Slektshistorisk Forenings konto 0805 5165212.
Jo Rune Ugulen, 14. februar 2001
Folketeljinga
1875 for Hafslo (dBase III-format)
Folketeljinga
1875 for Hafslo (MS Excel 3 format)
Folketeljinga
1875 for Hafslo (Tekstfil)
|