Kongar i dei norske ættetavlene
av Jo Rune Ugulen, Os/Bergen,
1999/2000
© Norsk Slektshistorisk Forening.
Tidlegare trykt i Genealogen, nr. 1/99, s. 20-23. Her med utvida
litteraturliste.
Då Håkon 5.
Magnusson døydde den 8. mai 1319 var det ute med Sverre-ætta i rein mannsline
og dersom ein skal fylgja Snorri Sturlusson, så og med Hårfagre-ætta som då
hadde rådd for Noreg i over 400 år. No er det mykje som talar for at Sverre
prest, som han vart kalla av motstandarane sine – og motstandarar hadde han
nok av gjennom heile si lange styringstid frå 1177 til 1202, ikkje kan ha vore
nokon son av Sigurd Munn. Og såleis kan ein nok rekna med at Hårfagre-ætta døydde
ut i mannslina med den breiskuldra Håkon Herdebrei sitt fall i slaget ved
Sekken i Romsdalsfjorden i 1162 eller kan henda med Øystein Ungjente på Re i
1177 eller Jon Kuvlung i 1188.
I norsk ættegransking
har det for mange vore eit viktig mål å føra ætta si attende til dei gamle
norske kongane, og det har vore gjort mange snåle krumspring for å få det
til. Eg vil ikkje ta opp den sida av saka her – men det er på sin plass å
minna alle ihuga ættegranskarar rundt om i vårt langstrakte og vasstrukne land
at ein opplysning ikkje naudsynleg er sann sjølv om han står på trykk.
Det eg derimot
ynskjer med denne vesle snutten er å sjå litt på den genealogiske sida av den
norske kongeætta etter Harald Lurvehovud (eller Hårfagre som han sidan har
vorte kjend som). Tradisjonen fortel oss at Luva samla Noreg til eitt rike kring
872 etter å ha slege Tjukken og Kjakan i slaget ved Hafrsfjord.
Nokre kritiske røyster
har reist seg dei siste åra – at ein gjerne bør sjå litt nytt på denne
inngrodde tradisjonen om at dei norske kongane var odelservingar etter Harald,
og nokre har gått såpass langt at ein har dissekert heile kongsætta i fleire
forskjellige ætter som eg her skal gå inn på.
Harald Hårfagres ætt skal då femna om Harald sjølv og sønene hans, Eirik
Blodøks og Håkon den gode, samt Eirikssønene med Harald Ulvepels (eller Gråfell)
i føringa. Denne ætta har etter alt å døma ikkje hatt noko med Vestfold å
gjera i det heile. Etter det dei samtidige kjeldene (skaldekvada) fortel oss ser
det ut til at desse kongane sat med makta på Sørvestlandet, med hovudbase i
det som i dag er Rogaland og Hordaland.
Etter at Harald
Ulvepels vart lurt i fella i Limfjorden ein gong i 970-åra tok Håkon
Sigurdsson Ladejarl over styringa av Noreg, fyrst i ’len’ av danekongen
Harald Blåtand, sidan som opprørsk nasjonalist (i fylgje den gjengse
oppfatninga i 1850-åra). Ladejarlane utgjorde naturleg nok ei eiga ætt,
uavhengig av Hårfagre-ætta. Eit lite apropos er at den siste attlevande av
desse brørne, Ragnfred Eiriksson, er sagt å ha rømt landet ein gong i 970-åra
og vi høyrer ikkje meir til han i norrøne kjelder.
Kring 995 dukkar
Olav Tryggvasson opp i Noreg og tek makta. Olav Kråkebein (han vert kalla så
hjå Adam av Bremen) datt i sjøen då han slost med overmakta ved Svolder og
dukka aldri opp igjen. Adam har dessutan gjort Olav til soneson av Håkon
Ladejarl – nokså revolusjonerande med tanke på at dette er ei av dei eldste
kjeldene vi har ettersom ho er skrive kring 1070 (utan at det naudsynleg er sant
av den grunn). Etter dei islandske annalane stod dette slaget kring år 1000.
Til denne ætta kan ein nok rekna Tryggve Olavsson som fall under eit
erobringsforsøk i 1033.
Etter eit intervall
med sønene til Håkon Ladejarl dukkar Olav Haraldsson opp kring 1015. Etter å
ha herja rundt i England og andre stader i fleire år, vart stribukken Olav
Digre konge i Noreg. Tilnamnet hans kjem av det norrøne adjektivet dígr
som mellom anna tyder tjukk, men i dette høvet er nok tydinga overmodig/storlåten/hovmodig
rettare – altså Olav den overmodige. Han gjorde seg til slutt så lite populær
at han nærast vart kjeppjaga frå landet i 1028, og han vart drepen på
Stiklestad då han kom attende i 1030 med ein meir eller mindre svensk hær. At
han sidan vart rekna for heilag er ei anna sak (har har forøvrig aldri vorte
kanonisert av paven – det vart ikkje naudsynt før utpå 1100-talet). Medan
dei to Olavane styrte, i alle høve etter at Olav Tryggvasson døydde og fram
til 1027/28, ser det ut til at Erling Skjalgsson på Sola sat med kontrollen
over det tidlegare kjerneområdet til Hårfagre-ætta på Sørvestlandet. Soga
fortel oss at han var gift med ei søster av Olav Tryggvasson.
Eit nytt intervall
med den danske kongeætta varte frå 1028 til 1035, då stormennene henta heim
sonen til Olav, Magnus Olavsson, frå Gardarike. Han overtok i tillegg Danmark i
1042, men døydde alt i 1047. Då var det ute med ætta til Olav den heilage.
Det einaste ektefødde barnet til Olav Digre var dottera Ulvhild. Ho vart gift
med hertug Ordulf av Sachsen og har tallause etterkomarar i Tyskland.
Den neste kongen må
få hovudæra for at Noreg hadde ei kongeætt i noko over hundre år. Det var
den norske leigesoldaten Harald Sigurdsson. Han var bror til Olav Digre på
morssida, og tvinga nærast brorsonen til å dela makta med seg i 1046. Tjue år
og mange krigar seinare vart Harald Hardråde slegen i hjel av engelskmennene
ved Stamford Bridge. Nokre generasjonar seinare kom det irsk blod inn i kongeætta
– då kom iren Gilchrist rekande på ei fjøl over Nordsjøen, og vart etter
at Sigurd Jorsalfar døydde i 1130, teken til konge med namnet Harald (Gille).
At han var ein son av Magnus Berrføtt er ikkje å sjå bort i frå – Magnus
sjølv herja i Irland i mange år og var nærast som bufast å rekna frå 1098.
Har vart drepen i eit myrkjerr i Ulster i 1103 – det er noko underleg
allegorisk over det òg, all den tid han var godven med irekongen Myrkjartan.
Det var dessutan Magnus som etter Snorri skal ha ytra dei famøse orda:
’Kongar skal ein ha til ære, ikkje til eit langt liv.’ Nokså høvande for
ein mann som òg vart kalla Krigs-Magnus.
Betre gjekk det
ikkje med Harald Gille. Han vart drepen i senga i 1136 av den ’slemme
diakonen’ Sigurd. Dersom vi ser utetter i 1100-åra var det eit virvar av
kongar og motkongar som alle døydde brått, men ikkje uventa. Ein av av desse
var altså Øystein Ungjente (eller Møyla) i 1177. Han var visstnok ein son av
Øystein Haraldsson, ein annan landflyktig ire eller sudrøying som var konge i
Noreg frå 1142 til 1157. Ein som visstnok skal ha vore ein son av Inge Krokrygg
var Jon (Ingesson) Kuvlung. Han styrte Viken frå 1185 til han vart felt av
birkebeinane i Bergen 1188. Dermed var det ute med ætta til Harald Hardråde.
Magnus Erlingsson
som vart teken til konge i 1161 var dotterson av Sigurd Jorsalfar. På farssida
tilhøyrte han ei vestlandsk lendmannsætt som ein gjerne kan kalla Gjerde-ætta
(eller noko anna). Han vart felt i slaget ved Fimreite i 1184, og dermed var det
ute med han. Men ikkje med ætta hans skal vi tru soga. Eit sant virvar av
arvingar etter Magnus dukka opp med ujamne mellomrom dei neste 40 åra. Den
siste var Sigurd Ribbung, visstnok ein soneson av Magnus som vart felt i 1226.
Så kom då Sverre
prest frå Færøyane og vart teken til konge i 1177. Ætta hans døydde ut med
Håkon Magnusson som eg har nemnt tidlegare. Enkelte har stilt spørsmål ved Håkon
Håkonsson, men eg ser ikkje nokon grunn til at han ikkje har vore ein son av Håkon
Sverresson all den tid han vart fostra ved hoffet til kong Inge. Det tyder på
at det ikkje har vore noko tvil om farsætta hans.
Dette skal då gje
oss følgjande kongsætter i Noreg: Harald Hårfagres ætt, Olav Tryggvassons ætt,
Olav Digres ætt, Harald Hardrådes ætt, Magnus Erlingssons ætt og Sverre-ætta.
Det vert seks kongeætter; åtte dersom ein tek med baglarkongen Filippus
Simonsson (1207-1217) og brørne Inge (1204-1217) og Skule Bårdssøner
(1239-1240).
Åtte kongsætter
fram til 1319! Det er verkeleg ei radikal endring i kongerekka som vi (i alle
fall eg) hugsar frå barneskulen. Då er ikkje ein gong Ladejarlane og den
danske kongsætta tekne med. Går ein vidare framover i tid har vi Folkungeætta
frå 1319 til 1387, Svend Estridssøns ætt var representert ved dronning
Margrete, dei tyske fyrstehusa Pommern (Erik av Pommern) og Wittelsbach
(Kristoffer av Bayern) samt ei svensk adelsætt (Karl Knutsson Bonde) til vi
endeleg fekk Oldenburgarane på den norske trona i 1450.
Men er det naudsynt
å gå til slike skritt? Det er delte meiningar om det, men eg vil svara ja. Det
finst mange gode argument for det og det er nok rett å gjera. Ser ein det
derimot frå ein ættegranskar sin ståstad må eg nok seia at tradisjonen frå
Snorri kan halda fram. Dersom ein ihuga ættegranskar har klart å prova ei ættetilknytning attende til til dømes Håkon 5. Magnusson
skal ikkje vi øydeleggja gleda med å hevda at Sverre var ein simpel
kammakarson frå Færøyane. Det lyt vera fritt fram å føra ætta si attende
til Odin og Njord, og med litt hjelp i Edda kan ein finna attende til det
semittiske ur-ekteparet Adam og Eva.
MEN EIN MÅ VERA
KLAR OVER AT DET IKKJE FINST PROV FOR DET, OG AT DET NOK HELLER IKKJE ER
SANT………
Ikkje skryt til
naboen at du stammar frå Harald Hårfagre, det er ikkje noko å skryta av.
Truleg gjer vi det alle saman, men det er ikkje ein kjeft som kan prova det. Når
det er sagt skal ein og vera klar over at Ynglingeætta slik den står i
kongesogene ikkje er den einaste varianten av anerekkja til Harald. Det finst
mange, mange fleire – sjå t.d. berre i Edda eller i ættetala i Flateyjarbok.
Ei populær
anerekkje går attende til den mytiske Halvdan Gamle som gjennom dei ni yngste sønene
sine er stamfar for mange gjeve ætter – inkludert ynglingar, skjoldungar og
nivlungar. Truleg skimtar vi her ein tradisjon om hunarkongen Huldin som herja
langs austgrensa av Romarriket på byrjinga av 400-talet. Attila, som nær hadde
erobra heile Europa, var truleg ein etterkomar av Huldin. Han kjenner vi att som
Atli i fleire Edda-kvede og som Aðils/Eadgils i mellom anna Ynglingasaga og
Beowulf.
Bror hans, Bleda, kjenner vi att i Eddadiktinga som Budle – stamfar til
budlungane. Av andre heroar frå folkevandringstida er ostrogotarkongen
Ermanarik som vart drepen i 375 – det er han vi møter som Jormunrek i Edda (ikkje bland han saman med Jormungand som er eit anna namn på Midgardsormen).
Gjukungane var òg etterkomarar av Halvdan Gamle skal vi tru Edda. Dei
historiske personane som ligg til grunn for den ætta møter vi som
burgundarkongar på slutten av 400-talet og byrjinga av 500-talet. Som ein kan
sjå er det mange moglege anerekkjer, og dei har alle det til felles at dei er
like uhistoriske alle saman.
At Snorri reknar
t.d. Harald Hardråde som ein etterkomar av Harald Hårfagre er i seg sjølv
ikkje eit godt nok prov på at han verkeleg var det. Det at han vart konge kan
like gjerne koma av (og har nok gjort det) at han var bror til Olav Haraldsson
og har teke arv på den måten. Det same kan seiast om Olav Haraldsson sjølv
for den del – prov for at han var ein ættling av Luva finst ikkje andre
stader enn i sogene, og dei vart skrivne langt seinare. Som eg har nemnt
tidlegare finst det heller ingen grunnar for å tru at Sverre var nokon son av
Sigurd Munn. Men i ættetavlene til Ola og Kari Nordmann er det ikkje nokon særleg
grunn til å ta akkurat det så tungt – men ein kan gjerne gjera folk merksame
på at ein del av desse opplysningane ikkje er å lita på.
La oss òg sjå på
morsætta til Harald Hårfagre. Etter Snorri heitte ho Ragnhild og var dotter av
Sigurd Hjort. Sigurd skal igjen ha vore ein dotterson av Sigurd Orm-i-auga som
igjen var son av Ragnar Lodbrok. Det gjer oss 4 generasjonar mellom Ragnar Lodbrok og Harald Hårfagre. Den historiske (om han
då i det heile har eksistert) Ragnar
Lodbrok var ein dansk vikingkonge som herja England på midten av 800-talet.
Fleire av sønene hans var i live då Harald etter tradisjonen sigra i slaget
ved Hafrsfjord i 872. Berre det gjer at denne tradisjonen vert noko søkt.
Vidare fortel Snorri
at Halvdan Svarte først vart gift med Ragnhild, dotter til Harald Gullskjegg
som var konge i Sogn. Han fekk ein son som vart kalla Harald etter morfaren.
Denne Harald tok så over styringa av Sogn. Så døydde Ragnhild, og dinest
Harald slik at Halvdan Svarte overtok Sogn som arv etter sonen. Så fortel
Snorri oss at Halvdan vart gift med dottera til Sigurd Hjort og får med henne
sonen Harald Hårfagre (han var ikkje så hårfager som nyfødd, men eg nyttar
tilnavnet for å gjera klart kven eg meiner). Denne episoden viser oss at det er
fleire tradisjonar som her har vorte smelta saman, og truleg er tradisjonen om
Sogn den mest opphavelege av dei variantane vi kjenner i dag. Snorri (eller
nokon før han) har truleg redigert dette for å gjera morsætta til Harald like
gjev som farsætta. Ragnar Lodbrok skal nemleg ha vore av skjoldungeætta – ei
anna oppskrytt kongsætt.
Det var litt om
kongsætta. Den er i og for seg heller ikkje noko problem – det som derimot er
eit problem er å kobla seg på den (dersom det er det ein er ute etter). Det å
orientera seg i tidsskriftjungelen og skogen av bygdebøker er ikkje lett, og
det er mykje vanskelegare å finna dei gode artiklane enn å finna dei dårlege.
Å setja opp ei liste over gode artiklar er ikkje noko enkel oppgåve, og det
vil eg heller ikkje prøva på her. Eg vil berre oppmoda den einskilde å bruka
sunn fornuft, og dersom ein ikkje har noko særleg røynsle med mellomalderætter
– spør nokon som har greie på det. Sjølv for ein kyndig person er
mellomaldergenealogi noko av det vanskelegaste ein kan arbeida med.
Og for all del –
ikkje publiser noko som ikkje er sant. Det er opp til forfattaren å sjekka
kjeldene – ikkje lesaren. At den næraste familien meiner det er stas å vera
av adels- eller kongsætt er ikkje nokon grunn til å laga falske konstruksjonar, og ein falsk konstruksjon
er framleis forfattaren sitt ansvar sjølv om han eller ho har funne den i
ei anna bok som har den frå ei anna bok som har det frå nevøen til niesa til
oldefar til mor som døydde i 1867.
Utanom dei vanlege
kjeldeskriftene som kongesoger og dei forskjellige kjeldeutgåvene av
handskriftene som er nemnt i denne artikkelen, har eg nytta følgjande
litteratur:
-
Aschehougs
Norges Historie. 12 bind. Ved Knut Helle,
Knut Kjelstadli, Even Lange og Sølvi Sogner (red.). H. Aschehoug & Co
(W. Nygaard): Oslo, 1994-1998.
-
Den
yngre Edda (Snorre-Edda)
av Snorri Sturlusson. Norrøne Bokverk. Omsett av Erik Eggen.
Innleiing av Hallvard Magerøy. Det Norske Samlaget: Oslo, 1961 (5. utgåve
1998). [Ikkje fullstendig utgåve.]
-
Det
Arnamagnæanske Haandskrift 81a Fol. (Skálholtsbók yngsta) indeholdende
Sverris saga, Böglunga sögur, Hákonar saga Hákonarsonar.
Utgitt av Albert Kjær og Ludvig Holm-Olsen. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt:
Oslo, 1910-1984.
-
Det
Arnamagnæanske Haandskrift 310 qvarto. (Odd Munks saga om Olav Tryggvason).
Utgitt av P. Groth. Det Norske Historiske Kildeskriftfond: Christiania,
1895.
-
Edda.
Snorra Sturlusonar. Nafnaþulur og skáldatal. Guðni Jónsson bjó til
prentunar. Íslendingasagnaútgáfan. Prentverk Odds Björnssonar h.f.:
Akureyri, 1954.
-
Eirspennill
– AM 47 fol. – Nóregs konunga sögur. Magnús gódi – Hákon gamli.
Utgitt av Finnur Jónsson. Det Norske Historiske Kildeskriftfond: Kristiania,
1913-1916.
-
Flateyjarbók.
I-III. Utgitt av G[uðbrandur] Vigfusson og C[arl] R[ichard] Unger. Det Norske Historiske
Kildeskriftfond: Christiania, 1859-1868.
-
Hákonar
saga Hákonarsonar. Norrøne tekster nr. 2.
Utgitt av Marina Mundt. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1977.
(Rettelseshefte. Utgitt av James E. Knirk. Norsk Historisk
Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1982).
-
Islandske
Annaler indtil 1578. Udgivne for det norske
historiske Kildeskriftfond ved Gustav Storm. (Grøndahl & Søns
Bogtrykkeri: Christiania, 1888). Trykt i offset etter fotografering. Norsk
Historisk Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1977
-
Monumenta
Historica Norvegiæ. Latinske kildeskrifter til Norges historie i
middelalderen. Ved Gustav Storm (red.).
Christiania, 1880. [Trykt i offset etter fotografering. Norsk Historisk
Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1973.]
-
Morkinskinna.
Samfund til Udgivelse af gammel nordisk Litteratur. Skrifter nr. 53. Ved
Finnur Jónsson. København, 1932.
-
Norges
Historie. 15 bind. Ved Knut Mykland (red.).
J. W. Cappelens Forlag A/S: Oslo, 1976-1980.
-
Norges
Historie. Theodricus Munk: Historien om de Gamle Norske Kongene. Historien
om Danenes Ferd til Jerusalem. Thorleif Dahls
Kulturbibliotek. Oversatt av Astrid Salvesen. H. Aschehoug & Co. (W.
Nygaard): Oslo, 1969
-
Norges
kongesagaer. 4 bind. Ved Finn Hødnebø og
Hallvard Magerøy (red.). Gyldendal Norsk Forlag A/S: Oslo, 1979.
-
Snorri
Sturluson.
Edda. Udgiven af Finnur Jónsson. Forlagt af Universitetsboghandler G.
E. C. Gad: København, 1900.
-
Soga
om Olav Tryggvasson. Etter Odd munk Snorresson.
Norrøne Bokverk 46. Omsett av Magnus Rindal. Det Norske Samlaget: Oslo,
1977.
-
Ågrip
or Noregs kongesoger. Norrøne Bokverk 32.
Omsett av Gustav Indrebø. Revidert av Arnt Løftingsmo. Innleiing og
merknader av Bjarne Fidjestøl. Det Norske Samlaget: Oslo, 1973.
-
Adam
av Bremen: Beretningen om Hamburg
stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden. (Fra latin, med
innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine
Frihagen) Thorleif Dahls Kulturbibliotek. H. Aschehoug & Co.; Oslo 1993.
-
Claus
Krag: Ynglingatal og Ynglingesaga. En
studie i historiske kilder. Studia Humaniora. 2.
NAVF/Universitetsforlaget: Oslo, 1991.
Notar
|